INNHALD

Kva finn du på denne sida:

 

 

 

SIDE 1:

 

 

 

 

Side 2:

 

 

 

 

 

 

 

 

Side 3:

 

  • Korte dager/ Sesongslutt

 

  • Testflyging

 

  • Prøve / utsjekk

 

  • Kjøp av Mikrofly

 

  • Håviks Hangar

 

  • Oppflyging Mikro

 

 

Side 4:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  GÅ TIL SIDE: 1 - 2 - 4

 

 

 

 

Korte dager / Sesongslutt

 

Sjøl om fjorden ikkje har frose igjen enda, så blir dagane kortere og kortere. Og sjølv om mykje har vorte utretta, må ein vel innsjå at skal en jobbe med fly må en regne seg 3 x so langt tid som en i utgangspunktet hadde sett for seg.

Kitfox`n har vore testflyge og utbedra, spray-rail har vorte montert, propell vridning justert, hovedhjul og nasehjul utbedret, flotører forsterket og en hel del andre småjustering. Men likevel har flyet bare hatt ca 4 timer i luften. Ting tar tid.

Likevel er håpet at NÅ ligger alt til rette for en kommende sesong med mye flyging. Ny mobil sjøfly tralle er kommet på plass, fuel tralle er laget klar. Og når en går lysere tider i møte vil nok siste del av utsjekken være klar.

 

Noen timer på fjorden har det likevel blitt:

 

 

Sjå også andre klipp fra i sommer:

 

Landing med Kitfox LN-YZP

Testflyging Kitfox IV

Test av rampe for sjøfly

Taxing med Kitfox

 

 

 

 

------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Testflyging / Godkjenning

 

Ett hvert importert fly skal gjennom eit tesflygings program. Og lørdag 28. juni fikk vi ved Aero-Tec AS besøk fra Nordfjord.

 

Testpilot for min Kitfox IV var Ola Lilloe Olsen - IK1 - i Stryn Luftsportsklubb.

Sidan været var nokolunde og meldingane såg lovande ut, tok han turen opp fra Hyen til Austefjorden for å prøve teste fly og flotører.

 

Etter en grundig gjennomgang blei flyet sjøsatt og taxet ut elva. Sidan vi er avhengig av mykje vatn, har vi ca 3 timer tilgjengelig før og etter max flo. Men denne dagen passer det perfekt.

Etter noen runder på fjorden med taxing og prøving på stepet - kom flyet omsider på vingene.

Og uten tvil !!! Det er fantastisk og sjå at alt fungerer som det skal etter 8 månedar i hangaren, med til dels store ombyggingar..

Det var også flott og få bekreftet at flotørane harmonerte godt med flyet og at det hadde gode egenskaper på vatnet.

 

Stor takk til Ola Lilloe Olsen som tok turen opp og testet / godkjente flyet.

 

FLEIRE BILDER HER

 

 

 

 

 

 

 

 

 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

Besøk / Prøveflyging / Utsjekk

 

Søndag 5. august fikk vi besøk av Leif Solie ( IK1) fra Hardanger Mikrofly Klubb.

 

Han tok turen i ein ZenAir 701 på lotus flotører, og kom opp ilag med ein elev og kombinerte dette som langtur og navigasjonstur.

 

Han hadde seg nokon timar og prøvde min Kitfox IV - og samtidig gav utsjekk på flytypen til Jørn Inge. Han hadde da 14 dager før vore i Hardanger og fått utsjekk på 701`n. Eg fikk sjølv ei stund oppe og prøvd flyet ilag med instruktør.

 

 

 

 

Og med litt målrettet mengde trening - vil eg ha utsjekk iløpet av hausten.

Og igjen fikk flyet gode skussmål. Det er godt og høre fra 2 erfarne (IK1) piloter.

 

 

 

 

 

 

FLEIRE BILDER HER

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

 

 

 

KJØP AV MIKROFLY

 

I slutten av juli 2010 fikk eg ein telefon fra Jørn Inge Håvik - "Kikk innom www.barnstormers.com" - sa han og eg så gjorde. "Ka syns du ??

"Fly av den typen dukker ikkje ofte opp.. ??" - "E du interessert så skal eg hjelpe deg.."

 

Betenkningstida var kort, og dermed det i gang. Han oppretta kontakt og forhørte seg og slik gikk det slag i slag..

Flyet var ein Kitfox IV med Aerocet 1100 amfibie flotørar og det var lokalisert på Lake Placid Airport Florida, der eigaren hadde flyet stasjonert med egen hangar. Her hadde eiger også egen mekaniker som såg etter det.

Flyet var bygd i 2004 og hadde vel 300 timer i lufta. Dette burde være ideelt !! Men sånn er det no alltid i teorien.. Det som i utgangspunktet burde vore ein deal og no deal, drøyde ut i snart 4 mnd - med opp og nedturer og veging for og imot. Og for å gjere ei lang historie kort.. Eg har alt å takke til Jørn Inge for at handelen kom i boks. Hadde det ikkje vore for hans språkkunnskaper, flykjennskaper og elles bekjentskaper so hadde vel ikkje denne handelen vorte til...

 

Mitt mikrofly blei altså importert fra Sebring, Florida og annkom Austefjorden 8. november 2011. Da hadde det vore under transport i 5 veker. Med bil fra Sebring til Miami, cargo over Atlanteren til Nederland, også videre innom England før det annkom Måløy. Deretter containerbil fra Måløy til Austefjorden.

Flyet er ein Kitfox IV - Bygget i 2004 og som delvis har blitt fløyet med nasehjul men no dei siste åra på amfibie flottørar av merke Aerocet 1100. Det er innstallert en rotax 912 4 sylindra vannavkjølt 4 takter med opprinnelig 80hk. Den har så senere blitt oppjuster med større sylindere og yter no

ca 95 hk. Samt at det var ettermontert "Slipper Clutch".

Elles er den er utstyrt med elektrisk trim, nav light, Icom 200 radio med flerkanals

lyttemonitor, den har Bendix transponder og Garmin GPS 196. Der er også integrert intercom og den var utstyrt med ELT og 2 stk varmeapparat.

Ein av dei store fordelane med Kitfox, i forhold til ein del andre mikrofly, er at den kjem med foldevinger. Noko som sjølvsagt forenklar lagring og lagringsplass.

Lagringsplass er nok det som er det største problemet for alle som har mikrofly i dag.

Eg har vore heldig, og har fått hangarplass i Austefjorden hos Jørn Inge Håvik, som driv firmaet Aero-Tec AS - Eit firma som har spesialisert seg på vedlikehold/reperasjoner av mikrofly.

Eg har med andre ord alle forhold liggende til rette for at "aircraft saftey" vil bli tatt vare på.

Dette vart det også satt fokus på når flyet skulle settes sammen igjen etter turen over Atlanteren.

 

Gjennom vinteren som fulgte har det elektriske systemet blitt gjennomgått og festet på nytt med avstand til chassiset. Plastslangane til drivstoffet blei bytta ut med aluminiums rør og godt separert fra det elektriske anlegget. Bremseslangane blei bytta ut og ein del nye wirea til flotørene. Ein del av ledningsnettet blei omplassert og lagt i egnede kanalar, alt for å gi eit ryddigare og sikrere miljø i flyet. Så blei ein stor del av boltar og muttarar bytta ut til rustfritt - samt at hovedhjula fikk nye og meir egna syrefaste akslinga og lager- alt for å tåle bruk i saltvatn bedre.

I tilegg til sikkerhetsaspektet så gir det også ein slik oppjustering ei veldig grei innføring i korleis flyet er oppbygd - og det er lærerikt på alle måtar. Og det er veldig betryggende at en har personer som Jørn Inge som ein kan henvende seg til når det er noko ein lurer på eller vil ha synspunkt på.

 

Flyet blei teknisk besiktiget og godkjent av NLF`s besiktigns mann 22. mai 2012.

Og vil i løpet av sommaren bli testflydd før endelig luftfartsbevis kan utstedes.. Det burde uansett bli;

 

A SUMMER WITH SPLASHING FUN !!!

 

Sjå link:

 

Bildeserie

Tekniske spesifikasjoner

 

 

 

 

------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

 

 

HÅVIKS HANGAR

 

Kven skulle vel tru at på Fyrde i Austefjorden ville ein finne ein av dei få, om ikkje den einaste flyverkstaden for mikrofly i landet ? Men jauda - rett vis a vi butikken, og heilt ut i munningen av elva er det satt opp eit 210 m2 stort bygg som rommer både verkstad og hangar, og som er spekka med små og store, godt gjennomtenkte detaljar som kan ta pusten frå kvar og ein. Men kven er villig til å satse so mykje på ein smal nisje som reparasjon og vedlikehald av eksperimental og mikrofly .. ??

 

Jørn Inge Håvik er mannen. Han reiste som 22 åring til Canada for å bedrive jakt, som da var hans store interesse. Etter nokre gongar over dammen bestemte han seg i januar 1989 for å bli der noko "lenger"... Noko som med tida viste seg å vare i 20 år !! Han bosatte seg i delstaten Alberta og bodde dei første åra i Calgary. Etter 6 år flytta han til Carstair, ein liten by ca 30 min nord for Calgary - kor han budde fram til han flytta tilbake til Noreg .

 

Han jobba det meste av si tid ved Alberta Aircraft Overhaul der han var formann og produksjonleiar ved maskineringsavdelinga. Verksemda var direkte tilknytta Calgary Airport og tok imot alt fra småfly som Cessna 150 til langt større som Boeings 400-serie. Han hadde også nokon år med overhaling av sjøfly og vannbombe fly i bedrifta Air Spray i byen Red Deer.

 

Med dette som jobb utvikla han altså interessa

for restaurering av blant anna veteran fly og

experimental. Og i 1993, samme året som han

tok lappen på PPL-A starta han restaureringa

av sitt første fly, ein Aeronca Chief. Og opp

gjennom åra blei det fleire - totalt fikk han

restaurert 11 fly i si tid der borte, og mange

av dei heilt fra grunnen av. Grunnlaget for ei

genuin interesse for flyging og restaurering var

lagt.

 

Så når han med tida bestemte seg for at han

no ville tilbake til Norge, så var det ikkje rart at

interessa for fly og restaurering ville følge med på lasset. Men først måtte det viktigaste komme iorden.. Ein hangar !!! Etter at alle papir var ordna og klarsignalet var gitt, reiste han til Norge. Og i løpet av ei 15 vekers periode, fra september til desember 2006, reiv han naustet som sto på tomta, fikk gravd grunn, forskala og støypt veggar og gulv, laga takstolar, kledd bygget, og  tetta taket - siste lista på bygget blei slått inn - julafta 2006 kl 16:59 -hangaren var ferdig utvendig på rekordtid. Dermed kunne han returnerte til Canada før nyttår.

 

To år seinare, etter å ha solgt unna sitt siste fly, ein Cessna 120 - flytta han i oktober 2008 tilbake til Noreg ilag med sin kone Krista Håvik og busette seg i Austefjorden. Med seg på lasset hadde han ein full lasta 40 fots container som blant anna inneheldt ein -72 mod. Corvette Stingray og fly.. Eller rettere sagt ramma av, ikkje berre eit, men to fly. Dette var ein Stinson Station Wagon 108-2. Eit fly han opp gjennom åra hadde fått ein forkjærlighet for.

 

Blant annet på grunn av flyet sitt "flying performance" og lasteegenskaper. Samt at han i årenes løp hadde vore med og utvikle motorbukk til dette flyet fra tradisjonelle 150 hk til dagens moderne motorar. Dermed var det heller ikkje unaturlig at det følgte med ein ny Lycoming IO 540 - 260 hk motor på jigg i samme flyttelass. Og med det følgte også aluminium flotørar av merke Edo.

 

 

 

Eine ramma av Stinsonen skal han modifisere og regelrett bruke som støypeform for kompositt skrog som han så skal sette på den andre ramma. Når dette prosjektet ein gong blir ferdig, vil den bli satt på ein sjølkomponert tralle med gyroelevator. Som så igjen vil sjøsette flyet direkte fra hangaren til elva, med eit sjølvkonstruert vinsjesystem - fjernstyrt sjølvsagt.

 

 

Inne i verkstaden, som forøvrig har vannbåren gulvvarme og mange andre flotte fasilitetar, har han i dag også ein Kitfox IV ståande. Dette flyet blei i 2010 importerte fra Tyskland. Dette flyet er pr definisjon, det vi i Noreg kallar mikrofly. Dette skulle være eit lite miniprosjekt som han ville sysle med før arbeidet med Stinsonen tok til. Kitfoxen er utstyrt med flotørar - men ikkje nokon tilfeldig valgte; Med seg til Noreg hadde han

også kjøpt rettigheitene til amfibie flotørar av typen

Aerocet 1100 - som i sin tid var bygget og beregnet

for bla. Kitfox. Dei vil han ilag med sin

samarbeidspartner Einar Arne Kleven videre utvikle og

selge blant anna på det europeiske markedet.

 

Så i 2010 starta han firmaet Aero-Tec AS som

spesialiserer seg på primær og sekundær strukturell

reperasjon av mikro og experimental fly.

Som dokke forstår så skjer det mykje på ein liten

stad som Fyrde i Austefjorden for tida. Hvertfall når

ein som meg er over "middels" interessert i fly.

Er det fleire som har samme interessa so kan ein heilt

sikkert stikke innom for ei lita omvisning.

For det er ingenting å utsetje på gjestfriheita heller..

Eg for min del kom i kontakt med Jørn Inge gjennom

eit sikkerheitskurs i regi av Sunnmøre Mikrofly Klubb

våren 2010

Og eg kan vel sei at eg har besøkt verkstaden og

hangaren hans eit utallige gongar etter det første møte.

Skal tru om der med tid og stunder kan romme plass for eit fly til,

for ein med framtidige planar... ??

 

For dei som vil sjekke ut Jørn Inges webside gå til :

 

 

www.aero-tec.no

 

 

 

 

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

 

Oppflyging til Mikro

- 17. sept. 2011-

 

Denne sommaren har bydd på sine utfordringer i forhold til vær og vind. Ja for å ikkje sei nedbør. Sjølv om eg no burde ha vore ferdig med lappen på mikrofly, så har det ikkje vore mange dagane det har vore muligheite og gjennomføre flyging med det i tankane.

 

Dei 3 siste laurdagane denne månaden har det derimot vore flotte flygeforhold her i område.

Og når Ole Anton Brekke i Stryn Luftsports klubb gav meg tilbodet om å låne hans fly for oppflyging, slo eg til.

 

Laurdagane den 3. og 10 september tok Ole Anton turen opp fra Stryn til Hovden, kor eg hadde eit par timar skuling på hans, Atec Zephyr 2000. Vi hadde nokon turar til Åmdalen og Bondalen kor vi gjekk gjennom dei ulke øvelsane som blir brukt under oppflyging. Det var dette flyet eg starta skuling med for snart 2 år sidan. (sjå link)

Sidan været er ei utfordring på desse kantar, er det ikkje alltid lett å planlegge langt fram i tid. Men etter å ha sturdert langtidsvarsel, TAF og METAR kom vi fram til at denne laurdagen måtte være ideell for flyging.

Laurdags morgen starta Tor Sved fra Værnes i sitt fly, ein Gruman Cheeta, og kom ned til Hovden for å være sensor og gjennomføre oppflyginga med meg.

Og sidane Ole Anton var borte i helga, tok skulesjefen i Stryn Luftsports  klubb, Ola Lilloe-Olsen turen fra Hyen til Stryn for å fly Zephyr`n opp til Hovden. Ein imponerande innsats fra mange innvollverte for at eg skulle få prøve meg på oppflyging.

 

Etter ein kort briefing på Hovden flyplass, med gjennomgong av kva vi skulle gjere, tok vi turen opp og utover mot Eiksund i 3500 fot.

Her gjennomførte vi ein rekke øvelsar som står i programmet for oppflyging.

Deretter gjennomførte eg 5 landingar på Hovden før vi hadde "full stop landing" og taxet inn å parkerte. Da hadde eg brukt 70 min på flyginga. Etter det blei det gjennomgang av momenta/øvelsane  eg nettopp hadde utført. Og det var svært gledelig då eg endeleg fikk vite at

 

EG  HADDE FULLFØRT OG BESTÅTT LAPPEN TIL MIKROFLY !!!

 

I fjor vår reiste eg til Starmoen på GAP 2010 for å ta kurs i flytelefoni. Dette blei holdt av Tor Sved og Pål Stolpnes. Sidane den gongen har Tor Sved blitt sensor for "seilfly og mikrofly" for den lovpålagte språkprøven innen radiotelefoni, såkalla "Language Proficency Test". Så når han no først var her fekk eg også muligheita til å gå opp til den muntlege prøva. Denne språkprøva gir deg muligheita til blant anna å prate på flyradio i utlandet. Og den er eit krav til alle som vil behalde radiotelefoni sertifikatet.(sjå link)

 

Svært fornøygd var eg da eg også besto den testen.

Det var med eit stort smil eg forlot Ørsta-Volda Hovden den dagen !!

Snart 2 år etter at eg hadde min første skoletime herfra.

 

 

 

 

Eg må få rette ein stor takk til Ole Anton Brekke som stilte flyet sitt til disposisjon. Samt til Ola Lilloe- Olsen som tok turen fra Hyen til Stryn for å fly Zephyr`n til Hovden. Og ikke minst til Tor Sved som tok turen ned fra Værnes for å ta oppflyginga med meg.

Også ein stor takk til Hovden flyplass og folket der som stilte med møterom og kaffe. Skikkelig flott service !!

 

                                                  SJÅ ALBUM

 

 

 

Bilder lånt fra Stryn Luftsports Klubb.

- Sjå også klubben egen artikkel. -LINK 

 

 

 

 

Copyright ® 2011- sunnair.no

 

BLANT FJELL OG FJORD, KYST OG HAV

   

 


 
visit counter