GÅ TIL SIDE: 1 - 3 - 4
LOW PASS - TOUCH AND GO
Blant våre fjell og fjorder, kyst og øyer kan ein praktisere touch and og og low pass i varierte omgivelser. Og med sjøfly har ein eit vidt spekter av approch og landingsmuligheiter.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------
MIDNIGHT FLYING
Midtsommer på våre breddegrader gir muligheit for VFR flyging heile døgnet. Så når forholda ligg til rette for det må ein bare nytte døgnet.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------
Etter ein lang vinter med mykje "maintenance" og forbereiingar til årets sesong, så var det godt å endelig kunne nytte denne nydelige langfredagen til å ta årets første tur i eit flott vær.
Etter som Hovden flyplass var stengt for dagen, så var det bare å få klarering fra Vigra Tower til 6000 fot og nyte vår snødekte fjellheim. Turen gjekk til Hjørundfjorden, med Skårasalen, Slogen, Jakta, innover til Bjørke og vidare oppom Sunndalsnipa og Eidskyrkja.
Sida Grodås og Hornindalsvatnet låg så idylisk til, var det berre å ta seg ein svipptur nedom og bruke landingsløyve som eg har fått. Med tanke på all drivveden som ligg langs fjøra der, var eg spent på om det ville være landingforhold. Men etter ein del overflygingar kunne eg konstatere att tilhøva var gode for en "touch and go".
Håper att denne påska gir fleire slike dager som i dag.
Nokon bilder fra turen finn du på linken under.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------
SESONGEN 2013 - Kort samandrag
-----------------------------------------------------------------------
HURTIGRUTA
Endelig kom dagen då alt klaffa med flo og fjære, ukedag og værforholda, slik at det blei mulig for hurtigrute entusiast Oscar Gjøsdal Rekkedal å ta hurtigruta nærmare i augesyn fra lufta.
Vi tok turen gjennom Sjåstaddalen til Bjørke og ut Hjørundfjorden i vel 1000 meters høgde og det var nydelige forhold for ein som ikkje hadde vore oppe i mikrofly før. Men det såg og hørtes ut som han trivdes med både høyde, utsikt og en smule termikk.
Når vi nærma oss Norangsfjorden var spenninga stor om den i det heile tatt var der. Vel - reaksjonen let ikkje vente på seg når den omsider kom til syne.
No viste det seg at vi var noko seint ute, så i det vi skulle gå ned å ta den i nærmare betraktning forlet den Urke for dagen. Vi fikk så vidt sett den fra havnivå før den la kursen mot Sæbø.
Men med eit par runder over og ein heil masse bilder (med ulik kvalitet) såg det ut til at guten var fornøgd og vi satte kursen fram Bondalen mot Ørsta/Volda og tilbake til Austefjorden.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------
UTSJEKK
Omsider og etter lang ventetid, blei det i løpet av nokon veker i mai gjennomført utsjekk på min Kitfox med Ola Lilloe Olsen. Han tok turen opp fra Hyen til Austefjorden og gjennomførte praktisk og teoretisk gjennomgang av sjøfly utsjekken som må gjerast på kvar enkelt flytype.
Og den 20. mai fikk eg den endelige godkjenninga som fartøysjef på eget fly. Ein lang og møysommelig prosses fra første testtur til endelig utsjekk var gjennomført. Nesten 4 år fra dag ein til denne dagen.
Endelig kunne eg legge ut på turer til både nært og fjernt.
BILDE - ALBUM HER
----------------------------------------------------------------------------------------------------------
|